Bloggeren Bård
Det er ikkje meir enn eit lite halvår sidan skulestatsråd Bård Vegar Solhjell starta som bloggar.
— Eg har hatt kolossalt stort utbyte, seier den profilerte bloggonauten.
Vel ei veke etter at Solhjell vart pappa for tredje gong, tok han ein avstikkar frå den nyfødde jenta og sin eigen farspermisjon, for å dele bloggetankar og -røysnler med deltakarane på GoOpen 2009.
Mindre skilje
— Sidan eg har eit ekstra ansvar for skule og utdanning, ser eg også at eit av dei største problema i skulen i dag, er at ein ikkje klarar å ta inn over seg den kvardagen som er der ute. Vi klarar rett og slett ikkje å bringa røyndomen inn i skulen. Difor er også bruken av sosiale medier veldig viktig både for meg og dei som søkjer læring og utfordingar i ein skulekvardag, hevdar Solhjell.
— Den aller viktigaste grunnen til at eg starta som bloggar, er at eg har stor nytte av det sjølv. Eg når veldig mange. Det er heilt vanleg at eg har mellom 500 og 1500 unike brukarar innom bloggen min kvar einaste dag. Det vil seia det same som at eg møter fleire folk her, enn det eg ville gjort om eg var på ein større konferanse kvar einaste dag. I tillegg får sjansen til å treffa unge og engasjerte veljarar. Eg vil seia det så sterkt som at eg på denne måten får både gratis politiske rådgjevarar og fokusgrupper. Ei rekkje menneske som gjev deg kunnskap. Du utset deg for læring på ein heilt ny måte, konkluderar ministeren.
Deltaking
— For kort tid sidan skreiv eg ein kronikk som skulle på trykk i ei papiravis. Men før eg sende han frå meg, la eg det eg hadde skrive ut på bloggen min. Det resulterte i mellom 40 og 50 konstruktive tilbakemeldingar, innspel og forbetringar.
Då aviser, radio og fjernsyn dukka opp vart det enklare for éin person å kommunisera med mange. Dette forma gradvis også handlingsmønsteret til politikarane.
— Sosiale medier har eit potensiale i seg til det stikk motsette. No er det enkelt for mange å kommunisera med andre, samstundes som fleire kan stilla oss som politikarar til veggs. Og i motsetning til massekommunikasjonen, skapar dette dialog og samvær, og ikkje berre passive mottakarar, seier Solhjell.
— Mange trur at det var Obama som for alvor tok nettet i bruk til valkamp. Då hugsar dei ikkje Howard Dean og kampen hans for å bli demokratane sin presidentdandidat i 2004. Han inpirerte meg veldig. Og ein av medarbeidarane i kampanjestaben, Joe Trippi, skreiv sidan: ”The Revolution Will Not Be Televised”. Ei svært interessant bok om nettet som kjem til å overta som den leiande mediekanalen, fortel Bård Vegar Solhjell.
Av Vidar Alfarnes, SkoleMagasinet